M

Om oss

Cider

Alkoholfritt

Smak & Utsal

Kontakt oss

Smaken av detaljane

Frå 20.000 tre, sett opp i sirlege system, dyrkar me morellar og eple av ulike sortar. Aller mest norske eple, med mykje syre og sødme, men òg bitrare eple for å balansera produkta.

For oss startar det sjølvsagt med dei gode råvarene. Ikkje berre epla. Ser ein litt større på det, er folka som handterer dei også ei av «råvarene», slik òg fjorden og dei høge fjella er – som gir oss kjølig vinter og varm sumar. Perfekte forhold om ein vil laga lokal drykk i verdsklasse.

Så, har me blitt eplekjekke? Nei, tvert om – me går framleis audmjukt til oppgåva.

For det er summen av alle detaljane, kunnskapen, entusiasmen, dei beste eplesortane i rett samansetjing, og dei naturlege føresetnadene me omgjev oss med, som fyller flaskene med epledrykk. Og oss med stoltheit, det må me innrømma.

I 2001 overtok kona mi og eg, som odelsgut, Fevoll gard. Frå første stund har me hatt store ambisjonar for OmCider. Og det skal du kjenne på smaken; at det er epledrykk av førsteklasses kvalitet.

Beste helsing, Bodil og Andreas