Hjarteleg velkomen til Fevoll gard!
↓Smaking og omvising
Her vil me gje dykk ei grundig omvising; ein guida spasertur mellom morell- og epletre, med fokus på berekraftig siderproduksjon. Me ender naturleg nok opp i sideriet. Og har ein gått ei stund, kjenner ein gjerne på tørsten?
Det passar bra – på Fevoll gard blir du teke imot både med opne armar og flasker, slik me også tek imot andre siderprodusentar her inne.
Pris frå kr 1 000 per bestilling + kr 590 per person. (Minstebestilling: 2 personar)
Bestill smaking og omvisingGardsutsal
Vil du ta smaken med deg heim, har me også eige gardsutsal der vi seljer sider, eplemost, bøker og kledelege OmCider-artiklar.
Ope Måndag–fredag 12 – 18
Laurdag 10 – 18
Ellers ope etter avtale.
Finn vegenBestill smaking og omvising
Bli med på ein spasertur i frukthagen og smak på cideren vår.
Vi tar deg med på ein guida spasertur mellom eple- og morelltre, og fortel om både ciderproduksjonen og gardsdrifta på Fevoll gard.
Etter spaserturen får du smaka på cideren vår, og det blir høve til å besøka gardsbutikken.
Du treng ikkje ha bestilt smaking for å besøkje oss. I opningstida er du velkomen innom på drop-in, og kan velje mellom mange ulike siderar som blir selde både i glas og i heile flasker. Set deg godt til rette i dei varme og hyggelege lokala våre, eller ute om sommaren.
Sidersmakingane våre kjem i tillegg og må bestillast på førehand.
Finn vegenVarigheit: Ca. 2 timar
Gruppestorleik: 4–30
Transport kan ordnast ved behov
Sidersmaking
Inkluderer omvising og 3 sidrar
Pris: kr 1 000 per bestilling + kr 590 per person
VIP-sidersmaking
Inkluderer omvising og 6 sidrar, inkludert issider
Pris: kr 1 000 per bestilling + kr 790 per person
Ønskjer du å booke, eller har du spørsmål om sidersmaking?
Send oss ein bookingførespurnad på post@omcider.no
Book smaking og omvising her

