M

Forside

Om oss

Cider

Alkoholfritt

Smak & Utsal

Kontakt oss

Hjarteleg velkomen til Fevoll gard!

"

Smaking og omvising

Her vil me gje dykk ei grundig omvising; ein guida spasertur mellom morell- og epletre, med fokus på berekraftig siderproduksjon. Me ender naturleg nok opp i sideriet. Og har ein gått ei stund, kjenner ein gjerne på tørsten?

Det passar bra – på Fevoll gard blir du teke imot både med opne armar og flasker, slik me også tek imot andre siderprodusentar her inne.

Pris fra kr 590,- NOK per person.(Minstebestilling: 4 personar)

Gardsutsal

Vil du ta smaken med deg heim, har me også eige gardsutsal der vi seljer sider, eplemost, bøker og kledelege OmCider-artiklar.

Ope mandag-fredag 12 – 18
og laurdag 10 – 18

Ellers ope etter avtale.

Bestill smaking og omvising

Bli med på ein spasertur i frukthagen og smak på cideren vår.

Vi tar deg med på ein guida spasertur mellom eple- og morelltre, og fortel om både ciderproduksjonen og gardsdrifta på Fevoll gard.

Etter spaserturen får du smaka på cideren vår, og det blir høve til å besøka gardsbutikken.

Du treng ikkje ha bestilt smaking for å besøkje oss. I opningstida er du velkomen innom drop-in, og kan velje mellom mange ulike siderar som blir selde både i glas og i heile flasker. Set deg godt til rette i dei varme og hyggelege lokala våre, eller ute om sommaren.

Sidersmakingane våre kjem i tillegg og bestillast førehand.

Varigheit: Ca. 2 timar
Gruppestorleik: 4–30
Transport kan ordnast ved behov

Sidersmaking
Inkluderer omvising og 3 siderar

Pris: 1000,- + 590,- per person

VIP-sidersmaking
Inkluderer omvising og 5 siderar, inkludert issider

Pris: 1000,- + 790,- per person

Ønskjer du å booke, eller har du spørsmål om sidersmaking?

Send oss ein bookingførespurnad post@omcider.no