Hjelmeland på sitt friskaste. Epledropar frå Fevoll gard.

Det starta også friskt, med eit uventa dritvêr. Sidan har lovorda hagla. Og epla som då vart råka, fekk flekkar og ikkje kunne selgas i lausvekt, viser tydeleg ein ting: Det er det indre som tel, også for eple.
Men hell i uhell; uvêret gjorde oss til ein kritikarrost produsent av epledrykk – me løftar glaset for det!
La deg inspirera – kom på omvising!


La deg inspirera – kom på omvising!


Vegen frå epla heng på trea til dei vert dropar på flaske, er ei reise som fascinerer like mykje ekspertar i serveringsbransjen, innkjøparar og heilt vanlege folk som verdset kvalitet – og den skal de sjølvsagt få smaka! Og kjøpa – me har eige gardsutsal.
Ope torsdag 15 – 18, fredag 12 – 18 og laurdag 12 – 18.
Ellers ope etter avtale
Merksemd
OmCider har vunne heile 8 prisar for produkta sine i internasjonale siderkåringar. Blant anna fekk Valagubben gull under Ciderworld Frankfurt i 2022 og under sider-VM i Bergen i 2022. Gull i Norges Beste 2024 til Odel og Valagubben. Gull i International Brewing and Cider Awards 2024 til Odel